Medlem i Norsk forening for uavhengige kunstnere - NFUK 

Utdanning: 
- Mastergrad i Kunstkritikk og kulturformidling, NTNU 
- Design og kommunikasjon i digitale medier, Universitetet i Oslo 
- Fotografi, Det tverrfaglige kunstinstitutt i Bærum 
- Kunst og handverk, Høgskolen i Sør-Trøndelag 
- Forming, Bergen lærerhøgskole 
- Allmennlærar, Hamar lærerhøgskole 

Vêrutsett

Seinsommarnattsdraum

Om bileta mine: 
Eg er ikkje opptatt av å ta dei teknisk perfekte fotografia, ha det mest oppdaterte utstyret eller fange dei mest storslagne motiva. Det er former, stemningar og fargar som tiltrekk meg. 
Motiva finn eg i nærmiljøet mitt. Det handlar om møte med dyr og natur, om kjensla av å vere ein del av ein fellesskap, om engasjement kring det å ta vare på  miljø og historie og ikkje minst om korleis vi menneska set spor etter oss.
Eg vil formidle både bodskap og stemning. Forteljingane har snev av realisme og sanning i seg gjennom dei fotograferte motiva, men også element av fantasi, draum og fiksjon gjennom innhald, komposisjon og/eller tilførte detaljar i andre teknikkar. Dei skal opplevast gode å sjå på, men samstundes inspirere til ettertanke.

Bileta skriv eg ut på Epson storformatskrivar på fine art-papir. Alle seriane er begrensa til få  utskrifter og alle bileta er nummererte. 
Ta gjerne kontakt dersom du er interessert!
Eit utval av utstillingar eg har deltatt på dei siste åra:
2021
-mai-august: Bryggeutstillinga i Råkvåg
- oktober: Vestfossen Kunstlaboratorium.  Juryert årsutstilling for NFUK
2020
-juni-august: Bryggeutstillinga i Råkvåg
- oktober: Bautaen kulturhus, Børsa. Utstilling, invitert av Skaun kunstforening
2019 
- mai-august: Bryggeutstillinga i Råkvåg 
- oktober: Hamar kulturhus. Juryert landsutstilling  for NFUK
2018 
- februar-mars: Vognildsbua, Oppdal. Separatutstilling 
- mai-august: Bryggeutstillinga i Råkvåg
- september-oktober: Bergmannskroa, Løkken Verk. Separatutstilling
-oktober: Vestfossen Kunstlaboratorium.  Juryert jubileumsutstilling for NFUK
-november: Høstutstilling for medlemmer i Skaun kunstforening
2017
- april: Kafè Soil, Bakklandet, Trondheim. Separatutstilling
- mai-august: Bryggeutstillinga i Råkvåg
- juni: Kulturfestivalen Kristin på Husaby, Venn, v/Skaun kunstforening
- oktober:  Høstutstilling for medlemmer i Skaun kunstforening

Stilt må du trø

Back to Top